
Mesterkart
– Det er forskjell på kart
Kva gjer Mesterkart?
Mesterkart lagar kart: Turkart, veggkart, kart til bøker og informasjonstavler, og andre spesialkart etter kundane sine ønskjer. Karta blir baserte på nøyaktige og kvalitetssikra digitale kartdata frå Kartverket, og eventuelle kartdata frå kunden. I tillegg utfører vi geografisk analyse, og vi er forhandlar for FKB-data og ortofoto frå Kartverket.
Kundane våre er alle som treng kart eller geografisk informasjon: Offentlege etatar, friluftsorganisasjonar, forlag, små og store private firma, og privatpersonar.

Prisvinnande kartografi
Felles for alle kart frå Mesterkart er førsteklasses kartografi. Vi har fått fleire prisar for god kartografi, blant anna to førsteprisar frå kartutstillinga til International Cartographic Association, som i kartbransjen blir rekna som verdsmeisterskapen i kartografi. Sjå meir på diplomsida.
Mesterkart er spesialist på framstilling av fjellskygge. Det vil seie at landskapet blir belyst av ei tenkt sol frå øvre, venstre hjørne av kartet (som vanlegvis er nordvest). Fjellsidene som vender vekk frå sola får ein mørkare farge enn fjellsidene som vender mot sola. Effekten av dette er at kartet nærmast blir tredimensjonalt, og at fjell og dalar trer veldig godt fram på kartet. Fjellskygge kan med fordel kombinerast med ein naturleg fargegradient frå lågland til fjelltopp, noko som gir eit veldig dekorativt kart. Alle kart som Mesterkart lagar, kan om ønskjeleg leverast med fjellskygge.
Fjellskygge

Eit utval av våre produkt
Kart til bøker
Vi lagar alt frå enkle, små kart, til kartbøker som dekker heile landet.
Informasjonstavler
Vi kan lage berre kartet, eller heile tavla. Utskrift med lysekte blekk på solide plater.