Mesterkart

 

Produkt

  Kartproduksjon
     Turkart
     Temakart
     Topografiske kart
     Kart til forskning
     Fjellskygge

  Digitale kartdata

 

Skrytealbum
 

Diplom
 

Ordliste
 

Om Mesterkart

Fjellskygge

Fjellskygge er førebels ikkje eit eige produkt, men kan inngå som ein del av dei andre produkta.

Eit tredimensjonalt landskap kan framstillast på papir på fleire måtar. Den mest vanlege måten er å bruke høgdekotar. Ein annan måte er høgdelag med ulik farge. Den mest avanserte metoden er bruk av fjellskygge. Dersom ein på kartet markerar skyggen frå fjell og åsar medan sola står i nordvest, får vi ein enkel form for fjellskygge. Resultatet blir betre om vi ikkje markerar sjølve slagskyggen, men berre har ein mørkare farge på terrenget som ligg i skyggen, med gradvis overgang til terreng som ligg i direkte sollys.

Landskap synt med høgdekotar Landskap synt med høgdelag Landskap synt med fjellskygge

Landskap synt med
høgdekotar

Same landskap synt med
høgdelag...

...og med fjellskygge
 

Kvifor må sola stå i nordvest? Det har med korleis hjernen vår fungerar. Set vi sola frå motsett kant, i søraust, "vrenger" landskapet seg, og det som er fjellryggar blir til dalar.

Bruk av fjellskygge er ingen ny måte å framstille landskapet på. Tidlegare vart fjellskyggen lagt på manuelt, av kartkunstnarar som hadde ei fantastisk evne til å sjå føre seg landskapet. Metoden var sjølvsagt svært tidkrevjande, og har blitt mindre brukt etterkvart som prisen på manuelt arbeid har stige. I dag kan fjellskyggen framstillast automatisk ved hjelp av ei datamaskin med rett programvare. Då må det først lagast ein digital terrengmodell. Denne blir "belyst" av ei tenkt sol frå nordvest. Verdiane ein då får ut, må gjerast om til fargar. Det må også takst spesielle omsyn for å få fram detaljane i skyggeområda. Det heile er heller komplisert, og handlar meir om estetikk enn om matematikk.

Handteikna fjellskygge på sitt aller beste. Frå National Geographic sitt kart over Mount Everest.

Fordelen med fjellskygge er at kartlesaren lettare får eit inntrykk av korleis landskapet ser ut. Spesielt dei som ikkje er så vande med å lese kart med høgdekotar vil sette pris på fjellskygge. Fjellskygge gjev også meir "liv" til kartet, og høver godt for kart som for eksempel skal henge på ein vegg og såleis også vere litt til pynt. På turkart og topografiske kart mellom 1 : 25 000 og 1 : 100 000 blir fjellskygge vanlegvis brukt i kombinasjon med høgdekotar. Kartbrukarane får då med seg fordelane med begge desse måtane å syne topografien på. På kart i litt mindre målestokkar (som 1 : 250 000 og 1 : 500 000) kan topografien med fordel synast berre ved hjelp av fjellskygge. Dette gjev gjerne ei litt "rolegare" framstilling av landskapet enn kva berre høgdekotar vil gjere. Mange stader blir det litt for mykje strekar på kartet om ein nyttar høgdekotar.

Ulempen med fjellskygge er at det kan vere vanskeleg å sjå annan kartinformasjon (namn, stiar, høgdekotar) i dei mørkaste skyggeområda. Mange meinar at dette ikkje har så stor betydning, sidan dei fleste av desse områda likevel er så bratte at ingen ferdast der. Problema kan reduserast ved å velgje rett form og farge på kartsymbola. Namn kan for eksempel få ein lys bakgrunn rundt bokstavane.

Kart med dempa fjellskygge
Fjellskyggen kan også dempast om ein ønskjer ein lysare bakgrunn i kartet

Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad              Telefon 466 67 067