Produkt
Turkart
Fordelar med turkart
Produksjonsløype
Temakart
Topografiske kart
Kart til forskning
Fjellskygge
Alternativet til turkart er Statens kartverk sin hovudkartserie Norge 1 : 50 000 (M711-serien). Fordelen med turkart framføre denne kartserien er:
Turkart på 100 x 70 cm samanlikna med kartbladinndelinga
til Norge 1 : 50 000
Større område
Eit turkart dekker eit større område. Papirformatet kan vere opp til 100 x 70 cm (dei kan lagast større, men då blir trykkekostnaden stor). Trekker vi
i frå marg og det som går med til tittel og teiknforklaring, vil eit turkart i
målestokk 1 : 50 000 dekke eit område på omlag 1500 km2. Til
samanlikning dekker eit kartblad i Norge 1 : 50 000-serien frå 548 til 723 km2.
Turgåarane kan derfor i mange høve klare seg med eitt kart, i staden for fleire
kartblad frå Norge 1 : 50 000-serien. Eitt stort kartblad gjev også betre
oversikt, og gjer orientering med kart og kompass enklare (har du prøvd å ta ut
kompasskurs til eit punkt på nabokartbladet medan det bles kuling?).
Fritt valgt område
Eit turkart kan dekke eit fritt valgt område, som blir bestemt av
oppdragsgjevar. Kartblada i Norge 1 : 50 000 har ei fast inndeling. Kvart
kartblad er 23 - 36 lengdeminutt i aust-vest retning (20 - 26 km), og 15
breiddeminutt (23 km) i nord-sør retning. Det er slett ikkje alltid denne
inndelinga stemmer med det som er eit naturleg turområde.
Betre stinett
Stinettet som er i kartserien Norge 1 : 50 000 er ikkje fullstendig. Det
finst mange stiar rundt om kring i landet som ikkje er med på desse karta. På
eit turkart kan alle stiane i det aktuelle området takast med, eventuelt med ei
oppdatert symbolbruk som merka eller umerka sti.
Fleire tema
Følgjande ”turkarttema” er ikkje med i Norge 1 : 50 000-serien:
Preparert skiløype
Lysløype
Merka skiløype
Umerka skiløype
Merka rute (rute = ”sti” som ikkje synest i terrenget,
over blokkmark, svaberg, snøfonn eller bre)
Umerka rute
Gangtid
Spesielt fint utsiktspunkt
Badeplass
Fiskevatn
Sjåverdig stad, attraksjon
Geologisk attraksjon
Fornminne
Kulturminne
Parkeringsplass ved turstartpunkt
Informasjonstavle
Alle eller nokre av desse tema kan sjølvsagt takast med på eit turkart. I tillegg finst det ei meng andre tema som også kan takast med (og som heller ikkje er med i Norge 1 : 50 000-serien).
Valfri målestokk
Nokre område kan med fordel ha ein meir detaljert målestokk enn 1 : 50 000.
Eit turkart kan gjerne lagast i 1 : 25 000 om det er ein meir passande
målestokk. I nokre tilfelle er det ønskjeleg med mindre målestokk (som 1 :
60 000) for å få det aktuelle turområdet inn på eitt kartblad.
Oppdatert kart
Dei eldste kartblada i Norge 1 : 50 000-serien er 20 år gamle. Sjølv om
landskapet stort sett er det same, kan det ha skjedd mykje med stiar, løyper og
turtilbod i eit området sidan den tid. Nye namnevedtak kan også ha ført til
endra skrivemåte for stadnamn. Produksjonstida på eit turkart kan vere nede i to
- tre månader.
Informasjon om turområdet
Påbaksida av turkartet kan det trykkast informasjon om turområdet. Dette kan
vere lokalhistorie, ruteskildringar, oversikt over hyttene i området, sal av
fiskekort, osv. Slik informasjon finst ikkje på karta i Norge 1 : 50 000-serien.
TILBAKE TIL TURKART
Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad Telefon 466 67 067