Mesterkart

 

Produkt

  Kartproduksjon
     Turkart
     Temakart
     Topografiske kart
     Kart til forskning
     Fjellskygge

  Digitale kartdata

 

Skrytealbum
 

Diplom
 

Ordliste
 

Om Mesterkart

Kart til forskning

Mange forskarar jobbar med data der det er av betydning kvar i landet desse kjem i frå. Når slike data skal analyserast eller presenterast, kan dette med fordel gjerast ved hjelp av kart og geografiske informasjonssystem (GIS).

Karta kan leverast som bildefiler (JPG, TIFF) for publisering i tidsskrift, eller som høgoppløyselege grafiske filer (EPS, PDF) for trykking eller utskrift i stort format ("posters"). Karta kan leverast i svart/kvitt eller fargar.

Mesterkart har programvare for å ta i mot det meste av datafiler: Tekstfiler, Excel, Access, og geodatafiler som for eksempel Shape, ArcInfo cover og ArcGIS personleg geodatabase. Målepunkta kan leverast som geodatafil, eller som tekst- eller Excel-fil med koordinatar. Både UTM-koordinatar i ulike soner, og geografiske koordinatar kan nyttast, også i same prosjekt.

Mesterkart har kompetanse i handsaming av store menger data på ein strukturert og ryddig måte, blant anna for å unngå dobbeltlagring, og for å unngå feil resultat under uttrekk av data frå det totale datasettet. Mesterkart har også kompetanse på oppbygging av relasjonsdatabasar.

Når oppdraget er avslutta, vil alle data som er avleia frå det opphavlege datasettet bli returnert til oppdragsgjevar om dette er ønskjeleg. Det blir dermed lett for oppdragsgjevar å nytte dette ved eit seinare høve. Mesterkart tilbyr også oppbevaring av data på ein sikker måte.

Nokre eksempel:

Eksempel 1 på kart til forskning

 

Eksempel 2 på kart til forskning Eksempel 3 på kart til forskning

 

Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad              Telefon 466 67 067