Mesterkart
produserer kart på oppdrag for ulike
kundar, anten det er snakk om eitt eksemplar eller mange tusen. Karta blir
utforma etter kundane sine ønskjer, både når det gjeld geografisk område,
målestokk og innhald. Mesterkart tek seg av kartografisk utforming og utskrift
eller trykking.
Fleire karteksempel i
skrytealbumen.
Kundane kan vere fylke, kommunar, andre offentlege etatar, turlag,
reiselivsorganisasjonar, forskarar, privat næringsliv, eller alle andre som har
behov for eit nytt eller oppdatert kart.
Mesterkart tek oppdrag frå heile landet. Det er sjølvsagt hyggeleg å møte kundane, men dei aller fleste kartoppdrag kan utførast med å ha kontakt over telefon og med e-post. Detaljerte utsnitt av kart kan lett sendast med e-post, og har synt seg å vere ein effektiv måte å kommunisere på.
Felles for alle kart frå Mesterkart er førsteklasses kartografi. Kartografien som Mesterkart tilbyr har fått fleire nasjonale og internasjonale prisar.
Mesterkart utnyttar moglegheitene som ligg i bruk av digitale kartdata i kombinasjon med avansert programvare for kartframstilling. Dette gjev ei moderne og effektiv framstilling av kart. Karta blir utforma ved hjelp av programmet ArcGIS 10.0.
Sidan Mesterkart er forhandlar av kartdata frå Statens kartverk, er de som kunde alltid sikra oppdaterte kartdata. Har de eigne kartdata eller andre georefererte data som de ønskjer å bruke, kan desse lett inngå i eit produkt saman med kartdata frå Statens kartverk.
Kart frå
Mesterkart kan
leverast på tre måtar:
![]() |
![]() |
![]() |
||
Trykte kart |
Utskrift frå storformatskrivar. Betre kvalitet enn trykte kart. |
PDF-filer
eller andre filformat. For kart som skal trykkast i bøker, tidsskrift og rapportar. |
Kva kostar det? Prisen for å produsere eit kart varierer svært mykje, så det er uråd å operere med ei prisliste. Følgjande faktorar påverkar prisen (meir detaljert informasjon på eiga side):
Talet på arbeidstimar
Kjøp av digitale kartdata
Trykking
Utskrift på storformatskrivar
Publiseringsrett
Meir om ulike produkt.
Nedanfor
finn du peikarar til sider med meir informasjon om ulike produkt Mesterkart har
erfaring med. Finn du ikkje det du er ute etter der, så ta
gjerne kontakt likevel.
![]() |
Detaljerte topografiske kart der symbol for ulike friluftsaktivitetar er framheva. Målestokken er vanlegvis 1 : 50 000, men 1 : 25 000, 1 : 60 000 og 1 : 75 000 er også brukt.
|
![]() |
Temakart Temakart er kart som framhevar eitt bestemt tema. Temaet som skal framhevast blir normalt lagt på eit bakgrunnskart.
|
![]() |
Topografiske kart Topografiske kart er den tradisjonelle forma for kart. Her er ikkje noko spesielt tema framheva. Kartet skal gje ei balansert framstilling av landskapet med menneskeskapte inngrep. Stadnamn høyrer sjølvsagt også med.
|
![]() |
Kart til forskning Analyse og presentasjon av måledata til ulike forskningsføremål.
|
![]() |
Fjellskygge Valfri bakgrunn til alle kart frå Mesterkart. Framhevar landskapet på ein fin måte.
|
Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad Telefon 466 67 067