Produkt
Kva kostar
det?
Turkart
Temakart
Topografiske kart
Kart til forskning
Fjellskygge
Prisen for å produsere eit kart varierer svært mykje, så det er uråd å operere med ei prisliste. Følgjande faktorar påverkar prisen:
Kor mange arbeidstimar som går med til produksjonen. Dette varierer blant anna med kartet sin storleik (målt på papiret) og kor mange tema som skal med. Dersom det skal med tema som må digitaliserast eller bearbeidast på nokon måte, aukar dette tidbruken.
Kjøp av digitale kartdata. Dei aller fleste kartprodukt inneheld digitale kartdata frå Statens kartverk. Desse må Mesterkart kjøpe. Kart i store målestokkar (for eksempel 1 : 50 000) krev meir detaljerte og dermed dyrare kartdata enn kart i mindre målestokkar (for eksempel 1 : 250 000). Talet på eigendomar i kartområdet påverkar også prisen. Kartdata for tettbygde område er dyrare pr. km2 enn kartdata i område med spreidd busetnad. Storleiken på det geografiske området kartet skal dekkje har sjølvsagt betydning for kor mykje kartdata som må kjøpast. Oppdrag for kundar som er med i Norge digitalt eller sjølv har kartdata, blir ikkje belasta av Mesterkart for kjøp av kartdata. I slike tilfelle brukar Mesterkart kunden sine kartdata.
Utgifter til prøvetrykking (om kartet skal trykkast). Fargane som kartet har på ein dataskjerm eller på ei utskrift, er ofte ikkje identiske med fargane kartet får når det blir trykt. For å sikre korrekte fargar på eit trykt kart er det derfor nødvendig med eitt eller fleire prøvetrykk. Eit prøvetrykk kostar omlag tusen kroner.
Utgifter til trykking (om kartet skal trykkast). Storleiken på opplaget har her ein del å seie, men på grunn av høg startpris hos trykkeria, vil stykkprisen falle til nesten det halve om ein går frå eit lite opplag (færre enn 1000 kart) til eit stort opplag (3000 kart). Om det skal trykkast på ei eller begge sider av papiret er også av betydning.
Utgifter til ustkrift av kart på storformatskrivar. Det er vanleg at eit kart må skrivast ut ein eller fleire gonger før det er klart for trykking eller endeleg utskrift. Dersom kartet er større enn A3-format, blir det skrive ut på ein storformatskrivar. Ein storformatskrivar er dyr både i innkjøp og drift (papir og blekk), og ei utskrift kostar lett mange hundre kroner.
Utgifter til publiseringsrett (tidlegare kalla marknadsrett). Dette er ei avgift til Statens kartverk for publisering av produkt der Statens kartverk sine digitale kartdata er brukt. Publiseringsretten for kart på papir er avhengig av opplag, bruksområde (trykte kart, kart i bøker, aviser, informasjonsmateriell, brosjyrar osv.) og kartet sin storleik (målt på papiret, men sjøareal skal ikkje reknast med). For eit vanleg, trykt kart med opplag under 3000 er publiseringsretten kr 0,09 pr. dm2 landareal.
Ta kontakt om du ønskjer eit konkret pristilbod. TILBAKE TIL PRODUKT - GENERELL INFORMASJON
Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad Telefon 466 67 067