Mesterkart

 

Produkt
 

Skrytealbum
 

Diplom
 

Ordliste
 

Om Mesterkart

Om Mesterkart  -  organisasjonsnummer 986 615 865 MVA

Mesterkart er eit enkelpersonføretak. Gründer og innehavar er meg, Tore Tonning. Eg etablerte Mesterkart i 2004, og har sidan den gong vore åleine i firmaet. Men eg får hjelp frå nokre svært kompetente underleverandørar når kart skal trykkast eller rammast inn. Råvarene, det vil seie digitale kartdata, blir levert av Statens kartverk.

Av utdanning har eg hovudfag i geometrikk frå Geografisk institutt ved Universitetet i Oslo (eksamensår 1996). Det var der eg laga mine første kart. Etter det var eg fem år på Statens kartverk sitt kontor i Sogn og Fjordane. Deretter var eg nokre år hos Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Arbeidsoppgåvene var begge stader kartproduksjon og geografisk analyse.

Eg likar å jobbe med kart, og legg stor vekt på at karta skal ha god kartografisk kvalitet. Dette set kundane pris på. Det same gjer andre fagfolk i kartbransjen. Dei har fleire gonger stemt karta mine fram som ”beste kart” på kartutstillingar, både nasjonalt og internasjonalt.

 

Kvifor velgje Mesterkart?

Eg jobbar åleine. Du får derfor berre ein person å forhalde deg til. Kontaktar du Mesterkart, kjem du rett til gründeren, sjefen og kartspesialisten. Det gjer du ikkje i eit større firma, der du gjerne blir sett over til ein meir eller mindre tilfeldig medarbeider (som kanskje er i møte ut dagen).

Kartografisk kvalitet. Karta eg lagar er ikkje ferdige før eg er førnøgd med. Eg har ingen økonomisjef over meg som seier at antal timar no er brukt opp, og at eg derfor må ”runde av”.

Det er forskjell på kart. Du bryr deg om korleis kartet du betalar for ser ut.

Lang erfaring. Eg har jobba med digitale kartdata og digital kartproduksjon i 17 år.

Som kunde i eit lite firma er du ein viktig kunde. Så viktig at eg kanskje jobbar både kveld og helg for at jobben skal bli levert i rett tid.

Eg har høg kompetanse, gode rutiner, og det beste av tilgjengeleg utstyr og programvare. Produksjonsløypene er moderne og effektive.

Eg har heimekontor. Som kunde hos Mesterkart slepp du derfor å betale for sentralbord, kantine, vaktmeistar, vaskekjering, flotte møterom og dyre kontorlokale med utsikt over indre Oslofjord.

 

Kontaktinformasjon

Telefon
466 67 067


E-post (klikk for å sende)

 
Postadresse
Mesterkart
Veelsmyra 43
1634 Gamle Fredrikstad

Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad              Telefon 466 67 067