Nedanfor finn du forklaring på nokre ord du gjerne kjem bort i i samband med bestilling av kart og digitale kartdata.
Bildefil med dårleg oppløysing
Bildefil
Ein filtype som inneheld eit bilde. Bildet treng ikkje vere eit fotografi, men
kan også vere eit kart. Det finst fleire typar av bildefiler. Dei mest vanlege har
filnamn som endar på JPG eller TIF. For at eit bilde skal kunne lagrast som ei
fil, må det delast inn i ei mengd små bildeelement (på engelsk pixel).
Dess fleire slike bildeelement bildet er inndelt i, dess meir detaljert
blir det. Talet på bildeelement blir gjerne omtala som oppløysing.
Høg eller god oppløysing = mange bildeelement. Skal eit bilde trykkast,
er det viktig at oppløysinga er høg. Sjå også JPG og
TIF.
TIL TOPPEN AV SIDA
Skisse av jorda og eit datum
Datum
Når vi skal lage kart, må punkt på jordoverflata overførast til ei plan
flate (papiret). Dette blir gjort ved hjelp av avansert matematikk. Men skal dette vere
mogleg, må vi sjå på jorda som ein matematisk figur, dvs. som ein ellipsoide
(flattrykt kule). Men jorda (havflata) er ingen perfekt ellipsoide. Til det er
ho
for bulkete og ujamn. Det gjeld derfor å finne ein ellipsoide som best mogleg
kan representere jorda. Ein slik ellipsoide blir kalla eit datum.
Ettekvart som vi har fått betre mål på jorda si storleik og form, har vi også fått nye datum. Nokre datum representerer heile jorda, medan andre berre ein verdsdel eller eit land. For å skilje dei frå kvarandre, har dei namn. Datum som no blir brukt i Noreg er Euref89 og NGO1948. TIL TOPPEN AV SIDA
Digitale kartdata
Kartdata som er lagra på eit digitalt lagringsmedium, for eksempel ein
harddisk eller ei CD-plate. Denne lagringsmåten har nesten fullstendig erstatta lagring
av kartdata på papir og folie (også kalla analoge kartdata). Digitale kartdata
kan lagrast som vektordata eller
rasterdata.
Ver merksam på at digitale kartdata i form av vektordata ikkje er kart, men dei kan bli til kart om dei blir behandla i eit geografisk informasjonssystem (GIS). Digitale kartdata i form av rasterdata kan derimot vere ferdige kart. Ver også merksam på at digitale kartdata ikkje er det same som kart i form av ei grafisk fil (for eksempel ei PDF-fil).
Digitale kartdata har ingen målestokk, men dei har ein detaljeringsgrad som passar i eit bestemt målestokkområde.
.KURVE 12282: |
Eksempel på digitale kartdata (vektordata) |
Digitalisering
Metode for å overføre kartdata frå papir eller folie (gjerne kalla analoge
kartdata) til eit digitalt lagringsmedium. Er det snakk om ei begrensa mengde
med informasjon som skal digitaliserast, blir denne gjerne teikna inn på eit papirkart. Dette
papirkartet blir så skanna, for eksempel til ei JPG-fil.
Denne fila blir teken inn
i eit geografisk informasjonssystem (GIS), saman med eit
utval av digitale kartdata frå det aktuelle området. Det skanna kartet blir så
justert slik at det samsvarar med dei øvrige digitale kartdata (blir kalla georeferering). Den innteikna informasjonen blir så registrert,
eller digitalisert, ved hjelp av musa. Slik digitalisering blir kalla skjermdigitalisering.
TIL TOPPEN AV SIDA
Euref89
Offisielt datum i Noreg. Er avleia frå datumet
WGS84. For dei fleste praktiske føremål er
Euref89 og WGS84 like.
TIL TOPPEN AV SIDA
Fjellskygge
Ein kartografisk teknikk for å syne forma på landskapet utan bruk av høgdekotar
eller høgdelag. Du kan lese meir om fjellskygge under Produkt -
Kartproduksjon i menyen
oppe til venstre.
TIL TOPPEN AV SIDA
GIS
Forkorting for geografisk informasjonssystem. Eit
dataprogram for bearbeiding, analyse og presentasjon av
digitale kartdata og anna
geografisk informasjon.
TIL TOPPEN AV SIDA
GPS
Forkorting for Global Positioning System. Eit globalt navigasjonssystem med 24 satellittar.
Desse satelittane sender ut radiosignal som gjer at ein GPS-mottakar kan rekne ut sin eigen posisjon.
TIL TOPPEN AV SIDA
Grafisk fil
Ein filtype som kan innehalde både tekst, bilde og figurar. Kart som skal
trykkast, blir først utforma ved hjelp av eit geografisk informasjonssystem (GIS),
og konvertert til ei grafisk fil når det er ferdig. Den grafiske fila blir så
sendt til trykkeriet. Dei mest kjende filformata for grafiske filer er AI (Adobe
Illustrator), EPS (Encapsulated Postscript) og PDF (Portable Data Format).
TIL TOPPEN AV SIDA
Grafisk målestokk
Eksempel på grafisk målestokk:
Alle kart skal ha grafisk målestokk. Den grafiske målestokken blir også rett om kartet blir projisert på lerret, eller førstørra/forminska i ei kopimaskin. TIL TOPPEN AV SIDA
JPG
Det finst mange ulike typer av bildefiler. JPG er ein av desse. JPG-filer er
først og fremst kjent for at filstorleiken blir liten. Filene er derfor mykje
brukt på bilde som skal synast på Internett.
Filstorleiken på JPG-filer er liten fordi ein del av informasjonen i bilde er fjerna. Dette vil normalt ikkje vere synleg på ein dataskjerm, men skal bildet trykkast, vil ofte JPG-filer ha for dårleg kvalitet. JPG blir også omtalt som JPEG, og er forkorting for Joint Photographic Experts Group. Sjå også TIF. TIL TOPPEN AV SIDA
Kartprojeksjon
Alle kart, bortsett frå globusar, er teikna på plane flater (vanlegvis papir
eller dataskjerm). Kartprojeksjon er metoden for overføring av kartinformasjon
frå jordoverflata (eigentleg frå eit datum) til ei slik
plan flate. Det finst mange ulike kartprojeksjonar.
I Noreg er no kartprojeksjonen UTM den mest brukte.
Sidan overflata av Jorda har tilnærma kuleform, er det uråd å falde ut denne til ei plan flate (som eit kart på papir). Alle kartprojeksjonar innfører derfor feil i kartet. Eit klassisk eksempel på dette er eit verdskart, der landa i nord og sør får for stort areal i forhold til landa rundt ekvator. Det bør velgjast ein kartprojeksjon som gjer at feila i kartet blir så små som mogleg. Sjå også UTM.
Planprojeksjon
Kjegleprojeksjon
Sylinderprojeksjon
Figurane er henta frå boka Kart og kartbruk frå Universitetsforlaget
Koordinat
To tal som stadfestar eit punkt på jordoverflata. Ein koordinat er først
eintydig når også datum og kartprojeksjon er gitt. For nokre kartprojeksjonar må
også sone eller akse vere med.
Galdhøpiggen kan for eksempel ha desse koordinatane:
N 6 834 080 E 463 645 Datum: Euref89 Kartprojeksjon: UTM Sone: 32 |
N 405 032 E -3 829 Datum: NGO1948 Kartprojeksjon: Gauss-Krüger Akse: 2 |
|
N er nordverdi og E er austverdi. |
||
![]() |
![]() |
|
Sommar og vinter på N 6 834 080, E 463 645, UTM-sone 32, Euref89 |
Koordinatsystem
System for eintydig stadfesting av punkt på jordoverflata.
UTM-koordinatsystemet er det mest brukte i Noreg på landkart. Dette er eit
rettvinkla koordinatsystem (i motsetning til geografisk koordinatsystem som
baserar seg på sirkelinndeling, eller lengdegrader og breiddegrader).
I UTM-koordinatsystemet er jordoverflata delt inn i 60 UTM-soner (sjå forklaring under UTM-sone). Utgangspunktet for soneinndelinga er meridianen som ligg 180 grader aust/vest for Greenwich-meridianen. Denne meridianen er den vestlege avgrensinga til UTM-sone nr. 1. Kvar UTM-sone er 6 grader i aust-vest retning.
Midtmeridianen i kvar UTM-sone dannar sona sin nord-akse (eller y-akse). Ekvator dannar aust-aksen (eller x-aksen). Origo i kvar UTM-sone ligg der nord-aksen kryssar ekvator. UTM-koordinatsystemet har altså 60 ulike origo. Ei eintydig stafesting krev at nummeret til aktuell UTM-sone blir oppgitt.
Nordverdien i UTM-koordinatsystemet er antal meter frå ekvator. Galdhøpiggen ligg altså 6 834 080 meter nord for ekvator (sjå forklaringa på koordinat ovanfor).
Utgangspunktet for UTM-koordinatsystemet sin austverdi er midtmeridianen i aktuell UTM-sone. For å unngå negative austverdiar vest for midtmeridianen, får midtmeridianen austverdien 500 000. Avstanden i meter frå midtmeridianen avgjer punktet sin austverdi. Galdhøpiggen, som ligg i UTM-sone 32 og har austverdi 463 645, ligg altså 36 355 meter vest for midtmeridianen i UTM-sone 32. TIL TOPPEN AV SIDA
Målestokk
Ein brøk som fortel kor mykje kartet er forminska i forhold til verkelegheita.
Er målestokken 1 : 50 000 blir 1 cm på kartet 50 000 cm (500 m) i
terrenget.
Ein snakkar gjerne om stor og liten målestokk. Eit kart med stor målestokk syner fleire detaljar enn eit kart med liten målestokk.
1 : 50 000
1 : 100 000
Målestokken 1 : 50 000 er større enn 1 : 100 000
N50 Kartdata
Digital kartdataserie frå Statens kartverk. N50 er laga for framstilling av kart
i målestokk 1 : 50 000, men kan også brukast på kart frå 1 : 25 000 til 1 : 100
000. N50 er den mest detaljerte, landsdekkjande digitale kartdataserien i Noreg.
Papirkartserien Norge 1 : 50 000 (M711) blir laga av N50.
TIL TOPPEN AV SIDA
N250 Kartdata
Digital kartdataserie frå Statens kartverk. N250 er laga for framstilling av
kart i målestokk 1 : 250 000, men kan også brukast på kart frå 1 : 100 000 til
1 : 350 000. N250 er landsdekkjande.
TIL TOPPEN AV SIDA
NGO1948
Eit datum. Blir berre brukt i Noreg, og då mest på
økonomisk kartverk.
TIL TOPPEN AV SIDA
Nærbilde av rasterdata i form av ei TIFF-fil
Rasterdata
Digitale kartdata lagra som ei georeferert bildefil. Georeferert vil sei
at fila har eit lite tillegg som inneheld informasjon om kva geografisk område
bildefila dekkjer.
Rasterdata er ein av to måtar å lagre digitale kartdata på. Den andre måten er vektordata.
Rasterdata kan for eksempel vere ei TIF-fil. Slike rasterdata kan opnast på ein PC utan spesialprogram (som GIS). Men rasterdata kan også vere spesialfiler (for eksempel ESRI Grid) til bruk i GIS for ulike typer geografisk analyse . TIL TOPPEN AV SIDA
Rutenett
Dei aller fleste kart har eit rutenett. Saman med informasjon om
datum, kartprojeksjon og sone/akse, syner rutenettet kvar i verda det kartlagde
området er. Rutenett er nødvendig for å kunne orientere med kompass eller
GPS-mottakar. På turkart og topografiske kart i målestokk 1 : 50 000 bør det
vere 1000 x 1000 m rutenett. Rutenettet på norske landkart syner vanlegvis
UTM-koordinatar i lokal UTM-sone, med Euref89 som
datum.
TIL TOPPEN AV SIDA
Shape-fil
Eit filformat for vektordata. Ei Shape-fil kan
innehalde anten punkt, linjer eller flater.
TIL TOPPEN AV SIDA
SOSI
Eit filformat for vektordata. Ei SOSI-fil kan
innehalde både punkt, linjer, flater og namn. Filformatet er utvikla i Noreg, og
står for samordna opplegg for stadfesta informasjon.
TIL TOPPEN AV SIDA
Terrengmodell
Ein digital representasjon av jordoverflata. Vanlege forkortingar er
DTM (digital terrengmodell og DEM (digital elevation model). Terrengmodellen kan
vere rasterdata eller trekantmodell. I trekantmodellen
er jordoverflata representert med trekantar av ulik storleik.
Terrengmodellar dannar grunnlaget for ulike geografiske analyser, for eksempel
utrekning av solinnstråling, siktanalyse, utrekning av avrenning, volumutrekning
i samband med veganlegg (skjæring og fylling). Framstilling av
fjellskygge er også basert på ein terrengmodell.
TIL TOPPEN AV SIDA
TIF
Det finst mange ulike typar av bildefiler. TIF er ein av desse. TIF-filer er
først og fremst kjent for at dei inneheld all originalinformasjon om bildet.
Filstorleiken er derfor stor, men filene gjev god kvalitet til bilde som for
eksempel skal trykkast. TIF blir også omtalt som TIFF, og er forkorting for
Tagged Image File Format. Sjå også JPG.
TIL TOPPEN AV SIDA
Utfallande trykking
Når trykkebildet går heilt ut til papirkanten. Når det gjeld kart, er det
normalt med ein marg på 1,5 til 2 cm utanfor sjølve kartet. I denne margen står
vanlegvis koordinatane for linjene i rutenettet på kartet. Av og til kan det
ligge ein detalj like utanfor kartet som gjerne skulle ha vore med. Ein kan då
utvide kartet akkurat ved denne detaljen. Ein får då eit lite parti med
utfallande trykk.
TIL TOPPEN AV SIDA
UTM
Forkorting for Universal Transversal Merkator, som er ein
kartprojeksjon
(sylinderprojeksjon).
Transversal betyr her liggande, dvs. at sylinderen som omsluttar jorda er
liggande. UTM-kartprojeksjonen kan brukast i heile verda, og blir brukt på alle
norske landkart i målestokk 1 : 25 000 eller mindre.
Sjå også koordinatsystem.
TIL TOPPEN AV SIDA
UTM-sone
For at ikkje feila som blir innført under UTM-kartprojeksjonen skal bli for
store, blir jorda delt inn i 60 UTM-soner, der kvar sone blir projisert
for seg. Kvar UTM-sone har ei utstrekning frå 84 grader nord til 80 grader sør,
og er 6 grader i aust-vest retning. Sjå også
koordinatsystem.
![]() |
UTM-soner i Noreg. Sone 32 er utvida vestover for å unngå ei smal stripe i sone 31 langs vestlandskysten. |
Eksempel på vektordata
Vektordata
Digitale kartdata lagra som koordinatar. Vektordata kan vere punkt (ein koordinat), linje (mange koordinatar) eller flate (mange koordinatar med same start- og sluttkoordinat).
Vektordata er ein av to måtar å lagre digitale kartdata på. Den andre metoden er rasterdata.
Dei mest brukte filformata for vektordata er ArcInfo coverage, ArcInfo export, Shape og SOSI.
I motsetning til rasterdata, kan vektordata innehalde informasjon (også kalla eigenskap) om punktet, linja eller flata. Slik informasjon kan for eksempel vere høgd, riksvegnummer, kummunenamn.
Vektordata har ingen målestokk, men dei har ein detaljeringsgrad som passar i eit bestemt målestokkområde.
Ver merksam på at vektordata ikkje er kart. Vektordata inneheld ikkje informasjon om korleis dei bør presanterast (farge og symbolbruk). Dersom ein skal lage eit kart av vektordata, eller på annan måte ha nytte av dei, må ein ha eit dataprogram som kan lese slike data (eit GIS). TIL TOPPEN AV SIDA
WGS84
Eit datum. WGS84 står for World Geodetic System
1984.
Det er dette datumet GPS-mottakarane brukar for å rekne ut posisjonen sin (men
GPS-mottakaren kan stillast inn til å syne posisjonen i andre datum).
TIL TOPPEN AV SIDA
Økonomisk kartverk
Ein kartserie med kart i målestokk 1 : 5 000 eller 1 : 10 000, hovudsakleg for
arealplanlegging. Kartserien dekker ikkje fjellområda. Opphavleg laga som
papirkart, men finst no også som rasterdata.
TIL TOPPEN AV SIDA
Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad Telefon 466 67 067