Kartproduksjon
Turkart
Temakart
Topografiske kart
Kart til forskning
Fjellskygge
Digitale kartdata
Topografiske kart er den tradisjonelle forma for kart. Her er ikkje noko spesielt tema framheva. Kartet skal gje ei balansert framstilling av landskapet med menneskeskapte inngrep (som for eksempel vegar, jernbane, busetnad, grenser). Stadnamn høyrer sjølvsagt også med. Dei vanlegaste målestokkane er:
1 : 25 000 1 : 50 000 |
1 : 100 000 1 : 250 000 |
1 : 500 000 1 : 1 000 000 |
1 : 2 000 000 1 : 5 000 000 |
![]() |
Eksempel på topografisk kart (originalmålestokk 1 : 25 000) |
Til topografiske kart frå Norge nyttar ein normalt berre kartdata frå Statens kartverk. Desse karta er derfor billegare å framstille enn for eksempel temakart og turkart. Statens kartverk har kartdatabasar som er tilpassa kart i alle målestokkane nemnde ovanfor.
Eksempel på nokre topografiske kart finn du i skrytealbumen.
Tore Tonning, som er innehavar av Mesterkart, laga i 2002 eit topografisk kart over Rogaland fylke. Året etter fekk dette kartet førsteprisen i klassen for topografiske kart under International Cartographic Association si kartutstilling. Denne utstillinga blir i kartbransjen rekna som verdmeisterskapen i kartografi.
Mesterkart kan levere topografiske kart både som trykte kart, og som utskrift frå storformatskrivar. Mesterkart nyttar Hewlett Packard DesignJet 5500 til utskrift av kart. Kart frå denne storformatskrivaren har same kvalitet som trykte kart. Blekket er også UV-bestandig (lysekte), slik at utskriftene ikkje bleiknar sjølv om dei blir utsett for dagslys i lang tid.
Topografiske kart kan leverast både med og utan fjellskygge. Med fjellskygge er dei dekorative, og tek seg godt ut på veggane i kommunehus, forsamlingslokale, rutebilstasjonar, skular, hotell, turistkontor, turisthytter.
![]() |
Eksempel på topografisk kart (originalmålestokk 1 : 250 000) |
Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad Telefon 466 67 067