Mesterkart

Produkt
  Turkart
     Fordelar med turkart
     Produksjonsløype

  Temakart
  Topografiske kart
  Kart til forskning
  Fjellskygge

 

Skrytealbum
 

Diplom
 

Ordliste
 

Om Mesterkart

Produksjonsløype for turkart

  1. Ta kontakt med Mesterkart (telefon 466 67 067, ). Saman blir vi einige om følgjande:
     

    • Området som skal med på kartet
    • Målestokk (bør vere mellom 1 : 25 000 og 1 : 60 000)
    • Papirformat
    • Storleik på ferdig bretta turkart

    Desse faktorane påverkar kvarandre gjensidig, og bør vurderast samla. Mesterkart har program som lett kan syne kva område som blir med på kartet alt etter val av målestokk og papirformat. Dette kan sendast til oppdragsgjevar med e-post, som på den måten raskt får oversikt over ulike alternativ.
     

  2. Som oppdragsgjevar bør du også tenke på kor mange eksemplar kartet skal trykkast i, og om du vil ha ei informasjonsside (tekstside) på baksida av sjølve kartet, eventuelt om du ønskjer kart på begge sidene. Trykk på to sider er sjølvsagt dyrast, både fordi trykkinga kostar meir, og fordi det kostar å utforme ei side til.
     

  3. Når vi er blitt einige om det som er nemnt ovanfor, får du som oppdragsgjevar tilsendt eit forslag til kontrakt. Her er alle forhold som gjeld produskjonen skildra i detalj, inkludert leveringstidspunkt og pris. Vi går igjennom kontrakten pr. telefon, og blir einige om eventuelle endringar.
     

  4. To eksemplar av kontrakten blir sent til oppdragsgjevar for underskrift. Oppdragsgjevar returnerar eitt av eksemplara.
     

Utforming av kartside og eventuell informasjonsside (tekstside) kan sjåast på som to ulike prosjekt. Først om utforming av kartsida:

  1. Mesterkart utformar eit manuskart (arbeidskart) i tråd med det som er avtalt. Eit avtalt antal av dette blir sendt til oppdragsgjevar. Kartet inneheld alle relevante tema frå Statens kartverk sin N50-kartdatabase. Sendinga inneheld også ei liste over andre tema som det kan vere aktuelt å ha med på eit turkart.
     

  2. No byrjar oppdragsgjevar sin jobb. Saman med lokalkjende personar går han gjennom kartet og teiknar på eventuelle endringar og nye tema som skal med (stiar, løyper, utsiktspunkt, badeplassar, osv.). Mesterkart gjev tips om korleis dette bør gjerast i praksis. Eventuell korrekturlesing av stadnamn høyrer også med her. I staden for å markere nye tema på manuskartet, kan koordinatar for dette registrerast med ein GPS-mottakar, og sendast med e-post til Mesterkart.
     

  3. Eitt manuskart med alle endringar og nye tema innteikna blir sendt attende til Mesterkart. Mesterkart digitaliserer denne informasjonen, og legg han inn på kartet. Tittel, teiknforklaring og anna informasjon utanfor sjølve kartet blir også lagt til. Dersom ingen har gløymt noko, er kartsida no ferdig utforma.
     

  4. Mesterkart sender kartet til oppdragsgjevar for godkjenning.
     

  5. Mesterkart lagar trykkefil (EPS-fil eller PDF-fil) med høg oppløysing av kartet. Denne fila blir teken med til trykkeriet. Trykkeriet tek prøvetrykk av fila medan Mesterkart er til stades. Dersom det er nødvendig (det er det vanlegvis), blir mengda av trykkefargane justert, og nytt prøvetrykk blir laga. Det kan bli nødvendig med fleire prøvetrykk før fargane blir riktige. Når prøvetrykket er godkjent, startar trykkinga av kartet.
     

  6. Trykkeriet brettar og pakkar karta, og sender dei til avtalt leveringsadresse.
     

Dersom kartet skal ha ei informasjonsside (tekstside), går framstillinga av denne parallellt med framstillinga av sjølve kartet. Desse punkta kjem i så fall i tillegg:

  1. Informasjonssida blir delt inn i felt som blir avgrensa av brettekantane på kartet. Mesterkart utformar ein mal for denne sida som syner kvar brettekantane vil kome, og dermed kvar tekst og bilde kan plasserast på denne sida. Malen vil også syne kva felt som blir omslag når kartet er ferdig bretta. Denne malen blir sendt til oppdragsgjevar, saman med informasjon om kor mykje tekst (antal teikn) det er plass til i kvart felt.
     

  2. Oppdragsgjevar skriv teksten som skal stå i dei ulike felta, og skaffar bilde. Bilda kan vere digitale (TIFF-format med høg oppløysing), lysbilde (dias) eller negativ. Papirbilde i storleik 10 x 15 cm vil normalt ikkje ha god nok kvalitet for trykking. Gode papirbilde i større format kan også brukast. Eit godt råd i denne samanheng er å bruke litt tid på å finne gode bilde, og gjerne bilde som framhevar kvalitetar ved det aktuelle turområdet. Mesterkart kan hjelpe til med vurdering og beskjæring av bilda. Oppdragsgjevar sender tekst og bilde til Mesterkart.
     

  3. Mesterkart plasserar tekst og bilde i dei ulike felta, og lagar til omslagssidene. Informasjonssida blir skriven ut og sendt til oppdragsgjevar for korrekturlesing.
     

  4. Oppdragsgjevar les korrektur på informasjonssida, noterar eventuelle feil eller endringar, og sender det heile attende til Mesterkart.
     

  5. Mesterkart utformar ny informasjonsside, og sender denne til oppdragsgjevar for godkjenning.
     

  6. Mesterkart lagar trykkefil (EPS-fil eller PDF-fil) med høg oppløysing av informasjonssida. Denne fila blir brent på ei CD-plate saman med trykkefil av kartsida. Resten er felles med punkt 9 og 10 ovanfor.      TILBAKE TIL TURKART
     

Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad              Telefon 466 67 067