Geografisk analyse
Her brukar ein gjerne eksisterande kartinformasjon til å finne nye eigenskapar ved landskapet. Ei typisk oppgåve er å finne dei plassane som er best eigna til eit bestemt føremål. Eller til å finne stader der ein f.eks. ikkje bør bygge bustadhus. Vi programmerer geografisk analyse i ESRI ArcGIS ModelBuilder, og presenterer resultatet på kart eller i tabellform.

Eksempel på geografisk analyse. Kartet syner potensialet for solinnstråling i vekstsesongen for frukt og bær (raud farge = stor innstråling, blå farge = lite innstråling).
Eksempel på programmering av geografisk analyse med ArcGIS ModelBuilder. Programmet gir ein god grafisk oversikt over arbeidsflyten, og fungerer også som dokumentasjon på kva som er gjort.