
Veggkart - kartografi som kunst på veggen
Mesterkart leverer flotte veggkart i alle storleikar. I tillegg til å formidle geografisk informasjon, bør eit veggkart også vere dekorativt, som eit fint bilde på veggen. God kartografi med tiltalande fargar er derfor viktig.
Veggkart opp til omlag 1 x 2 meter skriv vi ut på fotopapir frå eigen storformatskrivar. Vi har eigen rammemakar som kan ramme inn desse, dersom det er ønskjeleg. Vi har også ein underleverandør som skriv ut veggkart direkte på plate, opp til 2 x 3 meter (fleire plater kan settast saman). Desse platene er robuste og passar også til utandørs montering. Eit anna alternativ er utskrift på tapet. Her er det storleiken på veggen som avgjer maksimal storleik. Veggkart kan også lagast av flybilde (ortofoto) i kombinasjon med namn og eventuelle andre tema.

Veggkart i møterom (ortofoto i kombinasjon med namn). Utskrift på tapet.
Veggkart på Inspiria i Østfold
Innramma veggkart over Skarvheimen
Stort veggkart i privat hytte