Personvernerklæring
1. Om Mesterkart
Eigar av denne personvernerklæringa er:
Mesterkart v/ Tore Tonning, Sanddalen 83, 6847 Vassenden
E-post: post@mesterkart.no
Telefon: 466 67 067
Organisasjonsnummer: 986 615 865 MVA
2. Kvifor lagrar vi personopplysningar?
Når du kontaktar Mesterkart, vil du normalt gje oss nokre personopplysningar. Dette vil vanlegvis vere namn, e-postadresse, telefonnummer, postadresse, arbeidsstad og kva produkt du ønskjer å kjøpe. Desse opplysningane lagrar vi i våre system, som for eksempel e-postprogram, rekneskapsprogram og kontaktliste på mobiltelefon. Desse opplysningane lagrar vi for at det skal vere mogleg å ha eit kundeforhold.
3. Kor lenge tek vi vare på desse opplysningane
Vi tek sjølvsagt vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Etter endt kundeforhold tek vi vare på dei så lenge vi ser det føremålstenleg. Vi har mange kundar som kjem tilbake, og då har det synt seg at det er svært praktisk å kunne sjå kva som vart avtalt ved førre oppdrag (for eksempel ein del tekniske opplysningar om kartet).
4. Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det ligg føre ei lovbestemt utleveringsplikt ovanfor offentlege myndigheiter i Noreg.
5. Informasjonskapslar
Nettsida mesterkart.no bruker informasjonskapslar (også kalla cookies). Informasjonskapslar er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader brukar. Vi brukar dette for at nettsida skal fungere optimalt, og for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår.
I tillegg brukar vi informasjonskapslar for å samle informasjon om korleis besøkande bruker nettsida vår (tal besøkande, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker). Dette gjer vi for å kontrollere at nettsida fungerer som forventa. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon.
Du kan når som helst endre innstillingar for informasjonskapslane ved å gå til «Cookie Preferences» nederst på nettsidene våre. Dersom du vel å avvise dei valfrie informasjonskapslane, kan det hende at nettsida ikkje fungerer optimalt.
6. Innsyn, retting og sletting
Etter personopplysningslova § 18 har du krav på innsyn i dei personopplysningane vi har lagra om deg. Innsyn kan du få ved å kontakte Mesterkart skriftleg (sjå punkt 1 ovanfor). Etter § 27 i same lov har du også rett til å be om retting eller sletting av desse personopplysningane.
7. Ansvarleg for handsaming av personopplysningar
Ansvarleg for Mesterkart er òg ansvarleg for handsaming av personopplysningar, og at eventuelle avvik frå gjeldande lovverk blir retta. Mesterkart prøver så godt dei kan, og til ei kvar tid, å følgje gjeldande regelverk for personvern. Ta kontakt om du har spørsmål (sjå punkt 1 ovanfor).